– Det er viktig at veksten i dei statlege leiarlønningane blir haldne på same nivå som i arbeidslivet elles, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) i ei pressemelding.
For 2020 blir det sett eit tak tilsvarande frontfagsramma for det enkelte departementsområdet, det vil seie at lønnsauken for leiarane i kvart område i snitt ikkje skal vere høgare enn lønnsauken for arbeidarar i konkurranseutsett industri. Ramma for frontfaget blir avgjord i lønnsoppgjeret, som starta tysdag.
Det einskilde departementet har handlingsrom til å prioritere lønnsutviklinga for leiarane sine, med eit samla tak lik frontfagsramma, understrekar departementet.
Astrup skal òg setje ned eit utval som skal sjå på leiarlønnssystemet i staten.
Medan arbeidartakarar i frontfaget hadde ein gjennomsnittleg lønnsauke på 3,2 prosent i fjor, auka lønningane for leiarar innanfor leiarlønnssystemet til staten med 3,6 prosent.
Den nye regelen vil gjelde for dei 240 leiarane i leiarlønnssystemet, mellom anna departementsrådar og verksemdsleiarar, som politidirektøren og skattedirektøren. Systemet dekkjer ikkje leiarar i statleg eigde selskap eller politikarar, opplyser departementet.
Tal frå SSB om lønnsutviklinga for ei større gruppe statlege leiarar viser ein endå større forskjell i lønnsutviklinga samanlikna med vanlege arbeidstakarar. Ifølgje SSBs tal hadde om lag 900 toppleiarar og administrerande direktørar i staten ein lønnsauke på heile 4,8 prosent i snitt i fjor, skriv Dagens Perspektiv.
(©NPK)