Oljeprisen nærmar seg nivået frå før kollapsen

Nordsjøolje blir omsett tidleg tysdag ettermiddag for 44,70 dollar fatet. Det er det høgaste sidan starten av mars, då prisen kollapsa.
Innenriks

Oppgangen i Brent-spotprisen, altså prisen nordsjøolje for direkte omsetnad, hadde ved 13.30-tida tysdag vore heile 3,5 prosent

Ifølgje E24 forklarer Bjørnar Tonhaugen, leiar for oljemarknader i Rystad Energy, oppgangen med EU-semje om koronakrisepakke.

– Brent-spot prøver å bryte sluttkursrekorden i denne perioden samtidig som europeiske traderar vakna opp til nyheita om at EU-leiarar har nådd ein avtale om EU-krisepakken, skriv han i ein kommentar.

(©NPK)