Guldvog: Vi må forenkle retningslinjene

Direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet seier dei vil jobbe saman med FHI for å forenkle koronainformasjonen frå styresmaktene.
Innenriks

Guldvog vedkjenner at det kan vere vanskeleg for folk å forstå korleis dei skal stelle seg til all informasjonen som kjem frå styresmaktene om korona.

– Vi må forenkle og gjere tydeleg råd, forskrifter og retningslinjer og tilrådingar slik at dei er enklare å etterleve. Vi forstår at det kan vere komplisert, seier Guldvog.

Guldvog stadfestar at dei no vil ta ein gjennomgang saman med Folkehelseinstituttet.

(©NPK)