Regjeringa hentar 17,7 milliardar frå oljefondet

Den nye tiltakspakken for å hjelpe norsk næringsliv gjennom koronakrisa kostar til saman 17,7 milliardar kroner. Pengane blir henta frå oljefondet.
Innenriks

"Samla sett inneber forslaga i dette tilleggsnummeret ein auke i bruken av oljepengar på 17,7 milliardar kroner,» skriv Finansdepartementet i ei pressemelding.

"Det strukturelle oljekorrigerte budsjettunderskotet for 2021 er berekna til 331,1 milliardar kroner. Det svarar til 3,2 prosent av den anslåtte verdien av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til året».

Dermed legg regjeringa i 2021 opp til å bryte handlingsregelen om ikkje å bruke meir enn 3 prosent av verdien av fondet over statsbudsjettet.

Finansdepartementet påpeikar likevel at handlingsregelen er fleksibel og at bruken av oljeinntektene skal tilpassast konjunktursituasjonen. Det betyr at oljepengebruken bør liggje under 3 prosent når det går godt i økonomien, men bruken kan vere høgare når det går dårleg.

Ei kompensasjonsordning for bedrifter på 5 milliardar kroner og 7,3 milliardar kroner til norske kommunar er dei største enkeltelementa i pakken.

Samtidig skal det brukast 1 milliard kroner på helsesektoren og eit tilsvarande beløp på mellombelse flyrutekjøp og vidareføring av mellombelse reglar for arbeidstakarar, frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande.

– Skal gi tryggleik

Finansminister Jan Tore Sanner (H) understrekar at regjeringa skal stille opp for dei som blir ramma av krisa.

– Vi skal tryggje arbeidsplassar og bidra til aktivitet der det er mogleg, slik at veksten kan ta seg opp igjen så raskt som mogleg, sa han på ein pressekonferanse tysdag.

Sanner viste til at dei økonomiske tiltaka har dempa tilbakeslaget i økonomien og gitt tryggleik til menneske.

– Vi er førebudde på å halde oppe økonomiske tiltak så lenge pandemien og smitteverntiltaka gjer det nødvendig. Men innretninga på tiltaka vil variere. Det viktigaste er at smittevern og økonomi speler på lag, sa Sanner, som samtidig varsla at ikkje alt nødvendigvis skal kompenserast.

Forhandle i Stortinget

Formelt er krisepakken på tysdag eit såkalla tilleggsnummer med ekstra kostnader til statsbudsjettet for neste år, som vart lagt fram i oktober.

Regjeringspartia forhandlar no med Framstegspartiet om 2021-budsjettet og vil no måtte innleie forhandlingar også om krisetiltaka.

Frp-leiar Siv Jensen har likevel gitt klar beskjed om at partiet vil halde dei to prosessane skilt.

– Vi må separere dette, og køyre tiltakspakkane i eit eige spor, sa ho til NTB i helga.

– Hovudgrunnen vår for å meine det er at det hastar for næringslivet å få klårleik i korleis desse tiltakspakkane blir, understreka Jensen.

(©NPK)