Regjeringa opnar for å byggje fleire og smalare firefeltsvegar

Regjeringa opnar for bygging av firefelts motorveg på nye strekningar, og for å byggje smalare firefeltsvegar på strekningar der firefeltsveg har vore tillate.
Innenriks

I dag blir vegar med 6.000 til 12.000 køyretøy i døgnet bygde som to- og trefeltsvegar. No vil det vere mogleg å byggje firefeltsveg på desse strekningane. Firefeltsvegen skal ha ei breidd på 19,0-21,5 meter, og skulderbreidd på mellom 1,5 og 2 meter. Det vil vere mogleg med ei fartsgrense på 110 km/t.

Med dei nye endringane vil det òg vere mogleg å byggje ein smalare firefeltsvei på vegar med 12.000 til 20.000 køyretøy i døgnet. Vegen kan ha ei breidd på 20,0-23,0 meter, og skulderbreidd på mellom 2 og 2,75 meter. Også her vil ein kunne ha ei fartsgrense på 110 km/t.

– Vi er opptekne av å lytte til fagfolk. Derfor følgjer vi tilrådinga til Statens vegvesen om å innføre moglegheita for å byggje smal firefelts veg. Det gir større fleksibilitet i utbygginga av norske vegar og kan auke den samfunnsøkonomiske lønnsemda i fleire prosjekt. På den måten får vi meir igjen for pengane til fellesskapet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Aktuelle strekningar er mellom anna E39 Ålesund – Molde, E134 Saggrenda – Gvammen, E39 Mandal – Ålgård, E18 Dørdal – Tvedestrand, E6 Roterud – Øyer, E6 Ulsberg – Melhus, E6 Kvithammar – Åsen og rv. 4 Oslo – Mjøsbrua.

(©NPK)