Alle Boreal-ferjer til kai på grunn av tryggingsavvik

Sjøfartsdirektoratet har funne tryggingsavvik hos reiarlaget Boreal. Alle ferjer og hurtigbåtar ligg til kai, og passasjerar langs heile kysten er ramma.

  Foto: Arkivfoto Vikebladet/Vestposten

Innenriks

– Vi har vore om bord på ein tilleggsrevisjon i dag. På bakgrunn av denne har vi no trekt tilbake tryggingsstyringsdokumentet, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NTB.

Det betyr at det er funne avvik i enkelte tryggingskriterium i samsvar med internasjonale lover. Fartøya må derfor liggje til kai på ubestemt tid.

Aarhus kan førebels ikkje gå i detalj på kva avvik som har vorte avdekte, men seier at det på eit generelt grunnlag kan omfatte alt frå overordna drift, hendingar, mangel på redningsvestar eller andre feil om bord.

Krisestab i Nordland

Sjøfartsdirektoratet understrekar at situasjonen er alvorleg, men at dei håpar på ei snarleg løysing.

– Vi ønskjer jo ikkje å halde tilbake fartøy lenger enn vi må, men vi har eit ansvar med tanke på tryggleik, seier Aarhus.

I Nordland er 14 ruter innstilte som følgje av seglingsnekten. Fylkeskommunen sette onsdag krisestab som følgje av situasjonen.

– Svært mange reisande er naturleg nok ramma, og det er ikkje gitt at ein kjem seg ut til øyane i dag, seier fylkesdirektør Odd Inge Bardal for transport og infrastruktur i ei pressemelding.

– Dette er faktisk krise

Onsdag ettermiddag stod det folk på kaien i Harstad som ikkje kom seg ut til dei respektive øyane sine, skriv Harstad Tidende. På øyane venta passasjerar som skulle andre vegen.

– Viss situasjonen dreg ut i tid, snakkar vi om ei aldri så lita krise for oss ute i havgapet. Hugs at vi har ingen andre moglegheiter til å komme oss fram og tilbake. Ingen ferjer. Ingen bilveg, seier passasjer Einar Veimoen, som bur på Krøttøya, til avisa.

Han står no fast i Harstad, medan kona er ute på Krøttøya.

– Viss dette skal dra ut i tid, ser eg mørkt på situasjonen, for vi har ikkje tilgang til butikkar eller andre kvardagsfasilitetar, seier han.

Lagt fram handlingsplan

Boreal har ferjer og hurtigbåtar både i Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark, Rogaland og Vestland. Til saman 41 fartøy er ramma av seilingsnekten, opplyser selskapet til NTB.

Kommunikasjonsrådgivar Jon Kristian Fadnes seier at dei har lagt fram ein handlingsplan til Sjøfartsdirektoratet, og at selskapet no ventar på tilbakemelding på denne.

– Inntil handlingsplanen er godkjend, må fartøyet til reiarlaget liggje til kai. Vi beklagar ulempa dette medfører for kundane våre og kjem med meir informasjon så fort dette finst, skriv Fadnes i ein SMS til NTB.

Det var NRK som først omtalte saka.