Kvinnenettverket meiner mobbing og trakassering påverkar Forsvarets operative evne

Rundt halvparten av kvinner i Forsvaret har opplevd seksuell trakassering. Det påverkar Forsvarets operative evne, meiner leiar av Militært kvinneleg nettverk.
Innenriks

Leiaren for nettverket, Nina Grimeland, fortel til Forsvarets forum om effekten av mobbing og trakassering i Forsvaret.

– Vi veit at den typen åtferd har ein heilt konkret negativ effekt på arbeidsmiljø, overskot og fokus hos dei som er ramma. Ergo har det ein påverknad på Forsvarets operative evne, seier Grimeland.

Forsvarets undersøking om mobbing og seksuell trakassering (MOST) viste at 46 prosent av kvinner har opplevd ei form for seksuell trakassering minst éin eller to gonger det siste året. Berre éin av fem melder frå.

Tala viser ein liten nedgang i mobbing og trakassering sidan førre rapport kom i 2018, men nedgangen er minst blant yngre kvinner, der problemet var størst i utgangspunktet.

– Forsvaret har ein lang veg å gå før vi får ein effekt av tiltaka som er sett i gang, seier Nina Grimeland om tiltaka Forsvaret sette i verk i 2019.

(©NPK)