Eksportstrategiråd blir etablert i Ålesund

Eit eksportstrategiråd blir oppretta i Ålesund for å bidra til eit sterkare samarbeid med næringslivet om verdiskaping frå norsk eksport.
Innenriks

Kontoret skal ha rundt 10–15 tilsette.

Rådet skal styrkje arbeidet med å fremje norsk eksport og bidra til eit sterkare samarbeid med næringslivet for å få størst mogleg verdiskaping, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.

I statsbudsjettet for 2021 er det løyvd 75 millionar kroner til strategiske eksportsatsingar. Pengane skal forvaltast av Eksportstrategirådet.

(©NPK)