Ny vaksine kan bli godkjent i EU og Noreg

Det europeiske legemiddelbyrået EMA skal vurdere ei eventuell godkjenning av koronavaksinen produsert av det franske selskapet Sanofi Pasteur.
Innenriks

EMA har sett i gang ei såkalla løpande vurdering av den franske Vidprevtyn-vaksinen, skriv dei på Twitter tysdag ettermiddag.

Dersom vaksinen endar opp med å bli godkjent, vil han takast i bruk i EU og Noreg. Nyheita er gledeleg, ifølgje Statens legemiddelverk.

– Med tanke på kva som kan skje i framtida, blir det ein stor fordel å ha flest mogleg ulike vaksinar tilgjengeleg, seier medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk til VG.

(©NPK)