AUF-leiaren: Om vi klarer å gjenreise oss mot hatet kan resten av Noreg òg klare det

AUF-leiar Astrid Hoem etterlyser eit fornya løfte frå befolkninga for å kjempe mot hatet som førte til terroren 22. juli for ti år sidan.
Innenriks

– For ti år sidan reiste vi hit til øya for å forandre verda, men så vart verda vår endra for alltid, sa Astrid Hoem frå talarstolen i bakken på Utøya.

Ho seier at hatet framleis lever i beste velgåande i det norske samfunnet. Det må ein ta eit oppgjer med kvar einaste dag, seier ho.

– Når vi som ungdomsorganisasjon ramma av terror klarer å reise oss igjen og stå opp mot det same hatet som ramma oss, ja, då kan resten av Noreg òg klare det, seier Hoem.

– No er tida inne for eit fornya løfte etter 22. juli. Som vi sa då: Aldri gløyme. Men no i tillegg: Aldri teie, seier ho.

(©NPK)