Dette er sakene som splittar Ap, Sp og SV

Om Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre skal få både Senterpartiet og SV med i den nye regjeringa si, må han greie å sameine dei tre partia i ei rekkje saker.
Innenriks

Dette er nokre av sakene det kan bli strid om:

* Olje: SV seier nei til meir oljeleiting, medan både Ap og Sp vil «utvikle, ikkje avvikle» oljenæringa. Aps utgangspunkt er at leitinga skal halde fram, men Støre har signalisert at det ikkje er snakk om «store leiteoperasjonar».

SV krev òg endringar i oljeskatten, mellom anna innføring av ei ny produksjonsavgift.

* Klima: Ap går inn for å kutte 55 prosent av utsleppa innan 2030 (frå 1990-nivå). Sp vil kutte 50–55 prosent, medan SV vil kutte 70 prosent.

Ap og SV vil meir enn tredoble CO2-avgifta frå dagens 590 kroner til 2.000 kroner innan 2030. Sp er imot.

Sp krev at dersom CO2-avgifta på bensin og diesel går opp, må andre drivstoffavgifter gå ned slik at effekten på pumpeprisen blir nulla ut. Ap har på si side berre lova å halvere effekten av auka CO2-avgift på pumpeprisen gjennom kutt i vegbruksavgifta fram til 2025.

SV vil ikkje kompensere auka CO2-avgift med lettar i andre avgifter.

SV ønskjer òg at byane skal kunne vedta nullutsleppssoner, der det berre er lov å køyre med el- eller hydrogenbilar, noko Sp er veldig imot.

Sp er i tillegg motstandar av Noregs klimasamarbeid med EU.

* Skatt: Ap vil auke formuesskatten med 7,2 milliardar, men har lova at det samla avgiftsnivået skal stå stille. Det betyr at om éi avgift går opp, skal ein annan gå ned.

Den tilnærminga har ikkje SV, som går inn for eit totalt skatte- og avgiftshopp på rundt 18 milliardar. SV vil òg gjeninnføre arveavgifta.

Dei tre partia er usamde om kven som skal betale meir i skatt. Sp og Ap set grensa på 750.000 kroner i inntekt, medan SV set ho til 600.000.

Sp vil ha eit samla skatte- og avgiftsnivå omtrent på dagens nivå, men har opna for å skjerpe formuesskatten. Sp vil samtidig ha ein ny modell som gir frådrag for maskiner, utstyr og andre såkalla driftsmidlar.

* EØS: Ap har garantert at EØS-avtalen vil liggje til grunn for ei ny regjering. Både Sp og SV har programfesta at dei vil seie opp avtalen og erstatte han med ein handelsavtale.

Sp har i løpet av valkampen moderert seg noko og seier no at dei ikkje vil seie opp EØS-avtalen før ein betre avtale er på plass.

* Forsvar: Ap og Sp er for norsk Nato-medlemskap og tett tryggingspolitisk samarbeid med USA. SV er imot.

Sp har i tillegg komme med løfte om ei kraftig forsvarssatsing i nord og har tidlegare varsla beinharde reforhandlingar om mellom anna nedlegginga av Andøya flystasjon, som Ap var med på.

* Rovdyr: Senterpartiet vil ha færre rovdyr i norsk natur, medan SV vil sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyra i Noreg – ulv, jerv, bjørn og gaupe – og at desse har samanhengande leveområde.

* Helseføretak: Ap vil behalde helseføretaksmodellen, medan Sp og SV vil skrote han.

* Abort: Ap og SV vil utvide dagens grense for sjølvbestemd abort, medan Sp vil behalde 12-vekersgrensa.

* Kontantstøtte: Ap og SV vil fjerne kontantstøtta, Sp vil behalde ordninga.

* Natur: Ap og SV har slutta seg til målet om å verne 10 prosent av skogen. Det vil ikkje Sp.

* Tannhelse og SFO: SV gjekk til val på ei tannhelsereform, der nødvendig tannbehandling blir likestilt med andre helsetenester med tilsvarande eigendelar.

Også Sp vil ha tannlegebehandling inn i eigendelordninga i folketrygda.

Arbeidarpartiet ønskjer ei «gradvis utviding av den offentlege tannhelsetenesta med mål om å likestille den med andre helsetenester».

SV vil ha gratis SFO. Ap går inn for gratis SFO til alle førsteklassingar, medan Sp vil innføre gratis kjernetid for låginntektsfamiliar.

(©NPK)