Oljeprisen opp over 14 prosent

Prisen på nordsjøolje steig torsdag kveld 14,4 prosent til 28,47 dollar fatet, visstnok som følgje av rykte om produksjonskutt.
Utenriks

Prisen på amerikansk lettolje (WTI) steig òg kraftig, her enda prisen på 25,22 dollar då dei amerikanske marknadene stengde, opp 23,8 prosent frå dagen før.

Oljeprisen fall kraftig då Russland tidlegare i månaden nekta å gå med på forslaget frå Saudi-Arabia og resten av Opec-landa om produksjonskutt, for å vege opp for redusert etterspørsel som følgje av koronakrisa.

Saudi-Arabia hemna seg ved å auke produksjonen, noko som fekk prisen på nordsjøolje til å stupe frå rundt 50 til rundt 30 dollar fatet.

Sidan har nedgangen halde fram og tidlegare i veka vart eit fat nordsjøolje omsett for ned mot 25 dollar fatet.

Torsdag snudde det, ifølgje Wall Street Journal fordi USA la press på Saudi-Arabia for å få landet til å redusere produksjonen til vanleg nivå.

(©NPK)