Hærverk mot statuar av belgisk kolonikonge

Fleire statuar av Belgias kong Leopold II, som i si tid styrte Kongo som den private kolonien sin, er utsett for hærverk.
Utenriks

Ein statue utanfor Afrika-museet i Brussel-forstaden Tervueren er den siste i rekkja av minnesmerke som er utsette for synlege protestar, skriv Brussels Times og viser til kringkastaren VRT.

I Ekeren ved Antwerpen vart ein statue tent på onsdag etter å ha vorte dekt med raud måling i helga. Ei byste i Gent vart òg måla raud og merka med teksten «I can't breathe», dei siste orda til George Floyd, som døydde som følgje av ein hardhendt arrestasjon i USA.

Leopold II var konge i Belgia frå 1865 til 1909. Frå 1885 var han òg eineherskar over det som i dag er Kongo. Kolonien var den personlege eigedommen til kongen, men vart styrt så brutalt at den belgiske staten overtok i 1908.

Arven etter Leopold og kolonitida kastar framleis skuggar i dagens Belgia, og kritikken har blussa opp igjen etter Floyds død. Måndag starta ein underskriftskampanje for å fjerne alle statuar av Leopold i Brussel.

(©NPK)