Børsfall dagen etter vaksineopptur

Treg behandling av ei amerikansk krisepakke bidrog til at dei fleste Asia-børsane enda i minus, etter at håp om ein koronavaksine hadde gitt ein oppsving.
Utenriks

Nyheter om lovande testar av ein mogleg vaksine gav eit etterlengta løft, særleg i ei tid der aukande smitte har ført til nye tiltak som legg ein dempar på økonomien.

Då EU-toppmøtet kom i mål med krisepakken sin, vart merksemda retta mot USA, der Republikanarane slit med å få på plass eit forslag om framleis stønad til den største økonomien i verda. Pakka på 3.000 milliardar dollar som er vedteken tidlegare, går ut i slutten av månaden.

I Hongkong fall Hang Seng-indeksen 0,5 prosent onsdag etter ein vekst på 2 prosent dagen før. Tokyos Nikkei-indeks gjekk ned 0,6 prosent, medan Sydney-børsen fall med 1,3 prosent. Også Singapore, Bangkok, Manila, Jakarta og Wellington enda i raudt. Shanghai gjekk mot straumen med ein auke på 0,4 prosent onsdag, medan Mumbai og Taipei steig høvesvis 0,1 og 0,6 prosent.

Stephen Innes i Axicorp er forundra over uroa i marknaden over prosessen i USA.

– Eg skjønner ikkje kva dei er nervøse for. Det har vore signalisert tydeleg at det kan bli forseinkingar, for ikkje å snakke om den langsame partipolitiske runddansen som pleier å følgje slike saker. Men ingen folkevalde, særleg ikkje i eit valår, ønskjer å verke gjerrige medan folk døyr i hopetal, seier Innes.

(©NPK)