Facebook fjernar påstandar om valfusk

Facebook fjernar innhald som inneheld «stop the steal», ein populær frase blant tilhengjarar av Donald Trump som hevdar at han vart fråstole valsigeren.
Utenriks

Trump hevdar framleis hardnakka at det var han som vann presidentvalet i november, der utfordraren Joe Biden fekk 7 millionar fleire stemmer.

Trumps tilhengjarar skuldar Biden og Demokratane for omfattande valfusk, men har ikkje lagt fram bevis for dette.

At Biden blir innsett som USAs neste president 20. januar, har vore tungt å svelgje for mange av Trumps fanatiske tilhengjarar, noko som førre veke mellom anna resulterte i opptøyar og storming av kongressbygningen i Washington.

QAnon

Twitter har sidan fredag sperra kontoen til Trump, der han fleire gonger har komme med udokumenterte påstandar om valfusk. Det same har Facebook.

Twitter har òg sperra 70.000 andre kontoar, der den såkalla QANON-konspirasjonsteorien har vore spreidd, og grunngir dette med at kontoane oppmuntrar og oppmodar til valdsbruk.

Den elleville QANON-teorien framstiller Trump som ein redningsmann som vernar det amerikanske folket mot demokratar som driv satanisk og pervers seksuell utnytting av barn, er kannibalar og konspirerer for å styre USA og verda.

På ubestemt tid

Facebook har no òg vedteke å fjerne alt innhald som inneheld «stop the steal» (stans stelinga), ein frase som ofte går igjen hos dei som hardnakka held fast på at Trump vann valet, skriv Wall Street Journal.

Facebooks nestleiar Sheryl Sandberg seier samtidig at det ikkje finst planar om å oppheve utestenginga av Trump med det første.

– Utestenginga vår er på ubestemt tid. Vi har sagt at ho i alle fall vil stå ved lag til presidentskiftet. Men vi har ingen planar om å oppheve ho, seier Sandberg til Reuters.

Donald jr. stengd ute

Facebook har òg sperra Instagram-kontoen til Trump, som også er kasta ut av tenester som Snapchat og Twitch.

Trumps son Donald jr., som har markert seg som ein sterk forsvarar av politikken og utspela til faren, er òg stengd ute frå Facebook.

– Politikken vår er den same for alle, seier Sandberg.

– Ikkje eingong ein president står over politikken vår, seier ho.

(©NPK)