Radiostyrt slått i lia

Oppe i skråninga feiar maskinen vekk både gras og kratt. Nede på flata står Jan Gregor Sandblåst på trygg avstand og fjernstyrer maskinen.
Nyheter

– Jau, det er ein skikkeleg råtass, vedgår Jan Gregor Sandblåst hos Remseth Maskin AS i Valldal. Han radiostyrer maskinen som kjem til der andre må gje tapt. Beitepussar, likar han helst å kalle innretninga.

– Tek unna kratt og kjerr

– Den er utstyrt med reiskap som gjer at maskinen kan slå der det ikkje er blitt slått på fleire år. Den tek unna både kratt og kjerr, forklarer Sandblåst.

Maskinen, av merket Irus, er laga i Tyskland, og kom nyleg til Remseth Maskin.

– Vi har vore på besøk i fabrikken i Tyskland, som elles vart starta opp så tidleg som i 1865. Og no har folk frå fabrikken nyleg vore her hos oss for å gje våre tilsette opplæring, seier Sandblåst, som sjølv er seljar ved bedrifta i Valldal.

Han legg til at dei var på leiting i fleire land før dei fann noko dei ville satse på.

Trur på marknad

Stadig færre beitedyr har ført til ei omfattande attgroing her i landet. Difor meiner Sandblåst at det er marknad for ein slik beltedriven maskin - ikkje minst innanfor samferdsel. Vanlege hageeigarar vil nok derimot meine at eit par-tre hundre tusen er for mykje å leggje ut.

– Vegkantar som er vanskelege å slå med traktor på grunn av stor trafikk, eller gardsbruk med særs bratte terreng, kan ha nytte av denne maskinen, trur seljaren.

Han legg til at i Tyskland er det jarnbaneselskapet Deutsche Bahn som er største kunden. Dei nyttar dei radiostyrte maskinane til å halde områda kring jarnbanespora fri for gras og busker.

60 graders helling

Med spesielle piggar på belta som ekstrautstyr greier desse maskinane å operere i skråningar med opp til 60 graders helling.

– Motoren heng i ei slags vogge, så difor blir den alltid tilført olje og drivstoff, same kor skrått maskinen arbeider, forklarer Sandblåst.

Og skulle den likevel velte, så blir ingen førar skadd. Vidare vil motoren stanse opp dersom den kjem utanfor dekningsområdet til operatøren.

Også snøfresar

Maskinen kan også, med tilleggsutstyr, gjere meir enn å slå.

– Den kan fungere både som snøfresar og stubbefres. Og den kan utstyrast med kran og helikopterbøyel, så bruksområdet er stort, meiner Jan Gregor Sandblåst.

Valldalingane er stolte av den nye maskinen, og den vart nyleg vist fram på Romsdalsmartnan. Til helga står Strynemessa for tur. Det er mange som vil sjå på denne merkelege råtassen, utstyrt med ein tresylindra turbodiesel på 35 hestar.

– Dette var noko dei skulle ha hatt til å hjelpe seg på fjellgardane for hundre år sidan. Den kom for seint for deira sin del?

– Ja, men Storfjordens Venner ville sikkert ha stor glede av maskinen, smiler Sandblåst.