Dette sa bonde Geir Hole frå Vartdal under eit temamøte i regi av Naturvernforbundet i Aasentunet torsdag kveld.

Glimrande fråvær

Over halvparten av dei femten frammøtte var fagfolk eller innleiarar, så interessa for temaet er ikkje direkte ekstrem. Likevel er den akselererande attgroinga av kulturlandskapet eit fysisk konkret faktum. Landskap vert på kort tid endra og tidlegare utsikt sperra. Høgaste varselropa i så måte har kome frå turistnæringa, som glimra totalt med sitt fråvær på temamøtet.

Følg smp.no på Facebook

Lite problem

Nokre har peika på gardbrukarane og hevda dei har ansvaret på all sin eigedom. Dette gjekk innleiar Geir Hole kraftig i rette med.

– Er attgroinga eit stort problem for drifta til den einskilde bonde? Eigentleg ikkje, bortsett frå at vi kan få stadig meir vanskar med å sjå lys i glasa til grannen som vi eventuelt framleis har.

– Så lenge vi greier å halde dyrkamarka rein for kratt, og det gjer vi så lenge vi driv med slått, har attgroinga elles få konsekvensar, hevda Hole. Han peika på at generell kamp mot attgroing i kulturlandskapet er så arbeidsintensivt og ulønsamt, at ingen kan forlange at gardbrukaren tek dette ansvaret.

–I alle fall ikkje åleine. Dersom dette er eit stort ynskje frå samfunnet si side, så må samfunnet vere med og yte konkret støtte, sa Hole.

Han viste vidare til ulike forsøk med at folk fritt får hogge brenneved i bonden sin skog.

–Heller ikkje dette kan eg sjå har fungert etter intensjonen. I dag er det både éi og fleire varmepumper i kvart bustadhus, og få ser ut til å ta bryet, sa Hole. Ingen av dei andre innleiarane, heller ikkje leiar Øystein Folden i Narturvernforbundet Møre og Romsdal, hadde nokon effektiv kur mot attgroinga av landet.

grotid. Ingen av innleiarane i temamøtet mot attgroing hadde resepten til medisin mot at busk og kratt tek over landet. Denne bjørka i Aasentunet er prydtre og ikkje kratt. F.v. naturvernar Øystein Folden, bonde Geir Hole, arrangør Knut Festø, Naturvernforbundet og Roy Meek, skogskonsulent. Geir Hole Knut Festø Roy Meek Aasentunet Foto: Knut Arne Aarset
Knusing. Innmark som ikkje vert hausta, må beitepussast for å halde krattet unna. Men dette kostar arbeid og pengar, og med denne metoden vert også mange verneverdige plantar knuste i dragsuget. Foto: Knut Arne Aarset