Torsdag kveld gjekk rådmann Rune Sjurgard i Volda kommune ut med at det skal startast ei gransking av arbeidsmiljøet innanfor helsesektoren i kommunen.

Les også: Startar gransking av arbeidsmiljø

Unnateke offentlegheit

I eit notat som opphaveleg var unnateke offentlegheit kjem det fram at formannskapet er munnleg orientert om varslinga frå arbeidstakarorganisasjonane og hovudvernombodet i Volda kommune.

– Dette er ein situasjon som kommunen som arbeidsgjevar må handtere. Rådmannen finn det tenleg å gi ei orientering om kva tiltak som vert sett i verk når det gjeld prosess, skriv rådmann Sjurgard i notatet.

Her kjem det fram at det vil bli iverksett ei arbeidsmiljøundersøking, som smp.no skreiv om tidlegare torsdag. Utanom at det vil bli brukt eksterne aktørar for gjennomføring av tiltaka, kjem det ikkje konkret fram kva som er problema rundt arbeidsmiljøet i kommunen.

Brukar «store ressursar»

Men Rune Sjurgard skal tidlegare ha informert om at prosessar med oppfølging av varslinga «vil kreve store ressursar».

– Dette gjeld juridisk rådgjeving og ekspertise knytt til organisasjonspsykologi mv. Det er løyvd kr. 500 000 til arbeidsmiljøtiltak i budsjettkorrigeringa før ferien. Det er i forkant ikkje mogleg å stipulere kva oppfølging av arbeidsmiljøtiltaka vil kome på. Det avheng også av resultatet av kartlegginga og arbeidsmiljøundersøkinga, og kva tiltak som eventuelt vert å iverksetje i etterkant. Eventuelle behov for tilleggsløyvingar vert å kome attende til når omfanget av kostnadene ligg føre, skriv Sjurgard til orientering i notatet smp.no har tilgang til.

– Kva slags tiltak er det snakk om?

– Vi skal ha ei arbeidsmiljøundersøking. Det kan kome fleire tiltak i etterkant av undersøkinga, seier rådmann Rune Sjurgard til smp.no torsdag kveld.

Folk frå Stamina helse skal gjere undersøkinga basert på ein del påstandar i saka.

– Sjurgard, kva er eigentleg problema?

– Det er det vi skal undersøkje. Som du ser har det kome eit skriv frå hovudtillitsvalde og hovudverneombod. Det er naturleg å ta stilling til dette spørsmålet etter undersøkinga.

– Kan du vere konkret på kva det har blitt varsla om?

– Det går på kultur, og det er ein del påstandar knytt til dette som vi må få sjekka ut.

– Er det enkeltsaker eller ein systemsak?

– Enkeltsaker som personalsaker er ikkje ein del av dette. Undersøkinga må vise resten.

– Har dei tillitsvalde fått munnkorg?

– Nei, leiinga legg ikkje munnkorg på nokon.

Rådmann Rune Sjurgard kjenner ikkje til om Volda kommune har brukt ein halv million på slike undersøkingar tidlegare. Men han meiner ikkje at det er mykje i det store bildet. Det er over 300 tilsette i helsesektoren i Volda.

Tause varslarar

Sunnmørsposten har torsdag kveld forsøkt å få fleire av varslarane i tale utan hell.

I eit skriv frå 19. juni kjem det fram at det har vore fleire mindre og større hendingar kring arbeidsmiljøet i Volda kommune. Dei tillitsvalde og verneombodet ber om strakstiltak frå rådmannen.

– Det er ikkje til å underslå at det har utvikla seg ein kultur der tilsette fryktar eller kjenner ubehag i høve til å ta opp saker. Dette er svært alvorleg og fører til auke i eit allereie høgt sjukefråver, står det i varslingsbrevet. Til saman ni personar frå Fagforbund, Utdanningsforbund, Norsk sjukepleieforbund, FO, Delta, Akademikerforbundet, Norsk fysioterapeutforbund og NITO stiller seg bak brevet.

Hovudtillitsvald for FO, Inger Stine Bjørneset, viser til pressemeldinga frå Sjurgard. Utover det har ho ikkje andre kommentarar enn at det er god dialog mellom partane.

Journalistikkstudentane i Volda på nernett.no har lenge jobba med saka. Smp.no har bedt om innsyn i alle dokument.

Kjenner du til denne saka? Tips Sunnmørsposten på 95400400@smp.no, telefon: 95400400 eller internett@smp.no