Folkefest for RS  «Idar Ulstein»

Den nye redningsskøyta  «Idar Ulstein» blei døypt i Ulsteinvik torsdag kveld. Mykje folk var møtt opp på kaia for å få med seg seremonien.

Frå dåpen i Ulsteinvik 12. nov.2015 Gudmor Gunvor Ulstein, president i Redningsselskapet Nicolai Jarlsby

Prøvde: Sondre Djupvikvåg (5) er stor fan av Elias-båten til Redningselskapet. Han syntest det var stas å få prøve den store «Idar Ulstein»-båten. Her er han med faren Arild Mindor Dimmen. Til høgre Jan Einar Saunes. 

Sjampanje: Gudmora knuste flaska i skroget på andre forsøk. 

Pynta: RS «Idar Ulstein» pynta til dåp. 

Dåp: Båtdåpen var på kaia utanfor Sjøborg. Både vêret og korsong frå Ulstein mannskor var med og skapte god stemning. 

Folkefest: Mykje folk var møtt fram på dåpen torsdag kveld. 

  Foto: ANNE-MARI TOMASGARD

Nyheter

Det blei ein høgtideleg og stemningsfull seremoni på kaia i Ulsteinvik då den nye redningsskøyta blei døypt torsdag kveld.

- Må hell og lykke følgje deg og mannskapet ditt i den ansvarsfulle gjerninga langs norskekysten, sa gudmor Gunvor Ulstein og sende sjampanjeflaska i skroget. På andre forsøk var skøyta døypt.

Blir endå betre

President Nicolai Jarlsby i Redningsselskapet heldt fram at med denne skøyta blir redningsselskapet endå litt betre på å berge liv.

- Eg er stolt og audmjuk og utruleg takknemleg i dag. Kvar gong vi døyper ei skøyte er ein festdag for alle som jobbar frivillig i Redningsselskapet og som elles bryr seg om tryggleik langs kysten vår, sa Jarlsby.

Første i Ulstein-klassen

Og han heldt fram at støtta frå det offentlege, private og næringsliv er svært viktig for beredskapen langs kysten.

Han takka Ulstein Group for den fantastiske gåva som har gjort det muleg å byggje den nye redningsskøyta, som er den første i rekkja i det som no blir kalla Ulstein-klassen.

Takk frå Ulstein

Og Tore Ulstein takka Redningsselskapet for at dei først tok kontakt og inviterte og utfordra konsernet til å vere med og gjere visjonen verkeleg.

- Det er ein fantastisk måte å ære faderen på, sa Tore Ulstein.

Kosta 38 millionar kroner

RS «Idar Ulstein» veg 54 tonn og kostar 38 millionar kroner, ifølgje Redningsselskapet.

Med nesten 3500 hestekrefter har skuta ein toppfart på drøyt 38 knop og ei slepekraft på pluss 12 tonn.