Stemte for å selje Fjord1-aksjane

Med 16 mot 15 stemmer gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for å selje aksjane sine i Fjord1.

Gjekk for sal Framlegget frå Noralv Distad (H) vart vedteke med knappast mogleg fleirtal.  Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyheter

Først ved 18.45-tida røyste politikarane i fylkestinget seg for å vise stemmeteikn i den vanskelege saka.

Tidlegare måndag landa fylkesutvalet på at dei ville utsettje saka, men berre 13 røysta for eit slikt framlegg i fylkestinget.

Les også: Fjord1-striden kan bli utsett igjen

Det har vore reist tvil om sal av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til konkurrenten Torghatten, er lovleg. Men med knappast mogleg fleirtal stemte politikarane for sal etter eit framlegg frå Noralv Distad (H) - som var lik tilrådinga frå fylkesrådmannen.

Dette er vedtaket:

«Sogn og Fjordane fylkeskommune sel aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at fylkeskommunen først sel 50% av aksjane, medan Torghatten får ein rett (opsjon) til å kjøpe resterande 50 % tidlegast 1. januar 2017. Om Torghatten ASA ikkje nyttar denne opsjonen, har fylkeskommunen høve til å selje resterande 50 % til Torghatten ASA etter 1. januar 2019.»

Inntektene frå salet vil politikarane nytte til å betale ned gjeld, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Høgre splitta

Høgre si gruppe var splitta i saka. Noralv Distad og Sonja Øvre-Flo røysta for eit sal, medan Bjørn Hollevik og Anne Lilleaasen ville ha saka utsett, melder NRK Sogn og Fjordane.

Vil kjøpe Havilafjord-eigar Per Sævik (innfelt) ønskja å nytte forkjøpsretten for å sikre seg Fjord1-aksjar.  Foto: Knut Arne Aarset

 

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook

Ifølgje kanalen kom det fram under møtet at NSB og andre pengesterke aktørar har vore interessert i kjøpe aksjane.

Varslar kamp

Fylkesrådmannen råda politikarane til å selje aksjane sine trinnvis til Torghatten frå eigarselskapet F1 Holding.

Sævik-familien i Herøy eig i dag 41 prosent av Fjord1 gjennom selskapet Havilafjord, og seier dei er villeg til å ta saka heilt til Høgsterett dersom dei ikkje får nytte forkjøpsrett ved sal av aksjar.

Herøy-reiar Per Sævik gir ikkje opp kampen om aksjane trass vedtaket i fylkestinget.

– Vi føler at det har blitt brukt finurlege metodar for å unngå forkjøpsretten som vi har hatt ifølgje aksjelova, seier Sævik til NRK Møre og Romsdal måndag kveld.