– All hemmelegstempla informasjon må kome fram i Fjord1-konflikten, meiner Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V). I eit langt innlegg skriv han at no er det på tide å opne opp, etter at delar av Fjord1 vart selt til konkurrenten Torghatten.

Etter salet gjekk styret og leiinga i Fjord1 av i protest.

Fylkesordførar meiner alle politikarane faktisk hadde tilgang til den hemmelege informasjonen.

– Saksutgreiinga var lagt ut offentleg 12. november, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp). (Sjå saksutgreiinga her - ekstern side)

– Så kom saka opp i fylkesutvalet 16. Her vart alt, også boda og aksjonæravtalen, utlevert. Det vart samla inn att, men informasjonen var til bruk i partigruppene fram til den 23., seier Følling til Sunnmørsposten.

– Kvifor vart dokumenta samla inn att?

– Eit av problema var lekkasje. Det har gjort at rådgjevarane våre har vore svært kritiske til kva som kunne kome ut, og har vore sterkt redde for at informasjon som konkurransemessig kunne vere øydeleggjande kom til ålmenta. Det viser jo også utfordringa med å vere offentleg eigar, seier Følling.

– No har fylkestinget gjort sitt vedtak. Kva var denne fortrulege informasjonen?

– Det kan eg ikkje seie, det er framleis hemmeleg, seier Følling.

– Var opplyst nok

– Bjørlo meiner også det vart eit sterkt press for å gjere eit vedtak der og då. Var det eit press?

– Boda hadde ein frist, derfor var det eit ekstra møte i fylkestinget. Vi ønskte ikkje å ha ei så tung sak den 8. desember i lag med budsjetthandsaminga. Men vi kunne ha utsett det. Spørsmålet var om fylkestinget syntest saka var opplyst nok, og det meinte fleirtalet, seier Følling.

– Det beste tilbodet

Ho valte å selje til Torghatten fordi ho meiner dei gav best pris for aksjane, og fordi dei gjekk lengst i å garantere for at hovudkontoret til Fjord1 skal bli verande i Sogn og Fjordane og ikkje forsvinne til Nordland.

– Framleis har vi handa på rattet i selskapet. Og så er det historia til Torghatten, dei har ein policy med at selskapet er desentralisert. Det har dei også vore tydeleg på i diskusjonar, seier Følling.

Kva som skjer vidare tør ho ikkje spå om. Ho trur Havilafjord ikkje har forkjøpsrett til aksjane som vart selt i denne omgang.

– Det står att å sjå. Men vi har fått ei utgreiing frå advokatfirmaet BAHR, som har gitt oss ein peikepinn om kor sterkt saka vår står. Går den til rettsapparatet, så få vi sjå utfallet av det, seier fylkesordføraren.

– Fekk halvtime til gedigen rapport

Alfred Bjørlo er framleis sterkt kritisk til framgangsmåten.

– Saksutgreiinga var ein sterkt forkorta versjon av konsulentane sin powepoint-presentasjon, det følgde ingen forklaringar med, og var i seg sjølv ikkje eigna som avgjerdsgrunnlag, meiner Bjørlo. (Sjå saksutgreiinga her - ekstern side)

Medlem av fylkesutvalet, Gunhild Berge Stang (V), gir sin versjon av kva som skjedde.

– 16. november fekk vi heile presentasjonen, alle dokumenta så langt eg kjenner til, i overkant av ein halv time medan debatten og informasjonen gjekk føre seg. Det var ikkje sett av eiga lesetid. Og dette var til dels tung juridisk og teknisk informasjon. I Fylkesutvalet om morgonen den 23. fekk vi det ikkje delt ut. I staden fekk vi det delt ut til pausen i fylkestingsmøtet, der vi hadde det tilgjengeleg ein time, medan vi skulle ete og snakke med dei andre partia og områ oss. Så vart det samla inn att før møtet opna, seier Berge Stang til Sunnmørsposten.

Svakt avgjerdsgrunnlag

– Bakgrunnen for at vi ber om ein lovlegheitskontroll og at vi ønskte saka utsett er fordi vi følte vi hadde for svakt avgjerdsgrunnlag, med den omfattande graden av hemmelegheitshald. I fylkesutvalet fekk vi beskjed om at vi ikkje ein gong hadde lov til å gjengse kva dei ulike partia meinte i eit lukka møte i fylkesutvalet, seier ho.

– Erfarne finansfolk har i ettertid sagt at dei ikkje hadde tatt ei avgjerd på eit slikt grunnlag. Og eg sa også i fylkestinget at eg opplever det som hasardiøst, seier Gunhild Berge Stang.

Les også: Konkurransetilsynet vurderer Torghatten-oppkjøp av Fjord1

SUNNMØRSPOSTEN MEINER: Ferjesalet ute i farleg farvatn