Jobbar for ny behandling av Fjord1-salet

Mindretalet i fylkestinget jobbar med å kunne kreve ei ny behandling av salet av aksjane i F1 Holding. Det skriv Bergens Tidende.

Bilferja Kvernes i sambandet Festøya Hundeidvik. ARKIV  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Det skal vere nok at ein tredel av fylkestinget ber om ny behandling.

– Er ikkje saka lovleg behandla, må den opp igjen til lovleg behandling, seier medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo (V), til Sunnmørsposten.

Han meiner fylkestinget har gjort seg skuldig i fleire lovbrot i saka.

Ville hindre Fjord1-direktøren?

Medlem av fylkesutvalet, Hilmar Høl (Ap), meiner også at fylkesordføraren ikkje har handla i tråd med fylkesutvalet sitt ønske. Høl meiner at fylkesordførar Følling ville hindre at Fjord1-leiinga snakka om eigarskapssaka i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Dette måtte kampvotering til for at Fjord1-direktør Dagfinn Neteland og styreleiar Reidar Sandal  i det heile tatt skulle få sleppe til med ei orientering i fylkestinget.

– Slik eg oppfattar det, ønska ikkje fleirtalet i fylkesutvalet noko anna enn ei brei orientering om korleis situasjonen var i Fjord1 og korleis leiinga såg på det mulege salet. Det er svært uheldig at fylkesordføraren har lagt føringar på kva Fjord1-leiinga skulle snakke om. Og det fell jo på sin eiga urimelegheit at fylkesutvalet skulle ønske ei orientering som ikkje omhandla eigarspørsmålet, seier Hilmar Høl til Bergens Tidende.

I tillegg til ny behandling meiner Bjørlo at det er mykje informasjon som no må kome fram i lyset.

All hemmeleg-stempla informasjon må kome fram

– All hemmelegstempla informasjon må kome fram i Fjord1-konflikten, skriv Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).



Dramatisk milliard-kamp om Fjord1

Et løfte om en mulig bonus på 200 millioner kroner i 2020 til Sogn og Fjordane fylkeskommune er forskjellen på budene fra Havila og Torghatten i kampen om Fjord1.

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter