– Forholda ho er tiltalt for har ingen ting med jobben å gjere. Det har ikkje vore noko å utsetje på arbeidet ho har gjort der, seier advokat Atgeir Almestad som er forsvarar for kvinna.

Ifølgje offentleg tilgjengelege opplysningar har kvinna hatt ei pedagogisk stilling i ein barnehage på Sunnmøre. Ifølgje forsvararen jobbar kvinna ikkje lenger i barnehage.

Lugga, skubba og slått

Kvinna er tiltalt for familievald. Frå 2010 og to år framover skal ho ved fleire høve ha lugga, skubba og slått to barn.

Slaga kom både mot hovud og kropp. Mishandlinga skal ha skjedd både heime og andre stader der familien var.

Ifølgje tiltalen hende det at valden førte til både smerte og naseblod.

Erkjenner straffansvar for det meste

I tillegg til fysisk vald, er kvinna også tiltalt for å ha behandla barna nedverdigande både i tale og handling. Blant anna skal ho ha stappa ei truse i munnen på eitt av barna.

– Ho erkjenner straffansvar for det meste av det ho er tiltalt for, seier advokat Almestad.

Spesiell livssituasjon

Ifølgje forsvararen forklarer kvinna handlingane med at ho var i ein spesiell livssituasjon og at dette har gitt seg utslag i det ho no er tiltalt for.

– Sidan ho erkjenner straffansvar er ho innstilt på at ho vil få straff, seier Almestad som meiner livssituasjon og den tid som har gått sidan forholdet skjedde vil få betydning for straffutmålinga.

Alvorleg straffbart forhold

Politiadvokat Gudrun Kalvatn er aktor i saka. Ho er sparsam med kommentarar og viser til at ho ikkje vil førehandsprosedere saka i avisa.

– Familievald er alltid alvorleg, og tiltalen gjeld eit alvorleg straffbart forhold, seier Kalvatn.

Rettssaka kjem opp i tingretten 7. desember, og det er sett av tre dagar til saka.