Nettmobbing:

Ingrid (18) fekk nok av anonyme nettmobbarar

– Først opplevde eg appen som litt morosam, men etter kvart reagerte eg på kor mykje stygt folk skreiv om kvarandre. Det vert skrive ting som ein ikkje skal seie, og det er veldig personleg fordi det vert brukt fulle namn. Folk skriv og kommenterer anonymt.
Nyheter

Det seier Ingrid Blindheim (18), elev ved Ulstein vidaregåande. Det ho snakkar om er appen Jodel. Ein app som fungerer som ei slags digital oppslagstavle. Alle kan skrive det ein vil, ingen redigerer eller godkjenner meldingane, og ein er anonyme. Alle innan ein viss radius kan lese det som vert skrive. Ofte vert det teke skjermdump av meldingane, som igjen vert delt. Slik kan meldingane også nå ut til folk som ikkje brukar Jodel.

Gjør som flere enn 24.000 andre - følg Sunnmørsposten på Facebook

Fekk nok

Ingrid fekk nok og valde å ta tyren ved horna. På si eiga Facebook-side la ho i går ut eit ope innlegg, under fullt namn, der ho skriv kva ho meiner om dei som skriv stygt om andre utan å gje seg til kjenne.

– Etter å ha lasta ned appen ein del dagar etter alle andre, på grunn av mykje snakk om det, må eg seie at eg vart heilt satt ut. Mykje av det som vert lagt ut er ting eg vil kalle direkte mobbing. Det er ei ny plattform der vanlege folk enda lettare enn før kan legge ut rykte om andre, og seie stygge ting om kvarandre anonymt, slik at ALLE i området rundt kan lese det. Heilt ærleg trudde eg at dagens ungdom var så orientert om kva nettmobbing kan føre til, at dei let vere å bruke ei kvar ny moglegheit til å gjere nettopp dette, er noko av det ho skriv i innlegget sitt.

Stor respons

Responsen let ikkje vente på seg, og den var både av positiv og negativ karakter.

– Eg fekk kjempemange likes og delingar. Og foreldra mine opplevde å få positive tilbakemeldingar frå kollegaer som hadde lest innlegget, seier den tøffe 18-åringen.

Men på skulen i dag vart det delt eit innlegg om Ingrid på Jodel. Men det bit ikkje på ho.

– Eg synast Jodel er heilt usmakeleg og feigt, og eg skriv dette på Facebook fordi eg ikkje har planar om å vere like feig som dei som brukar denne appen for å rakke ned på andre! I tillegg må eg sei det er flaut å vere ungdom i et samfunn der folk på same alder som meg oppfører seg slik mot kvarandre, avsluttar ho innlegget sitt med.

  Foto: PRIVAT

  Foto: PRIVAT