Kommunereforma:

Vil forhandle vidare både om region- og landkommune

...og Stordal kommunestyre har bestemt at stemmerettsalderen ved den rådgjevande folkerøystinga skal vere 16 år.

Stordal-ordførar Eva Hove. ARKIVFOTO 

Nyheter

Eit samrøystes Stordal kommunestyre vil starte forhandlingar både med kommunane i landkommunealternativet så vel som dei som er med i regionkommunealternativet.

- Forhandlingar om ein intensjonsavtale skal ikkje utelate alternativet med Stordal som eigen kommune, heiter det. Vedtaket i kommunestyret er i tråd med innstillinga frå formannskapet.

- Det vart også bestemt at stemmerettsalderen ved den rådgjevande folkerøystinga  skal vere 16 år, opplyser ordførar Eva Hove (A), seint onsdag kveld.