– Ja, det er eit seriøst framlegg frå administrasjonen, som vil avvikle dagens reinhaldstenester med å kjøpe inn robotstøvsugar. Vi i eldrerådet har utsett saka og bedt om meir dokumentasjon, fortel leiar Anne Lise Hessen Følsvik.

Giske må kutte 12 millionar i år for pleie og omsorg.

Robot

– Når vi skal redusere tenestetilbod, tenkjer vi at reinhald av bustad kan takast vekk og bli erstatta med velferdsteknologiske løysingar som til dømes robotstøvsugar. I tillegg til dette kan den enkelte kjøpe seg tenester privat, heiter det i saksutgreiinga.

– Golvvask er ikkje ei lovpålagt teneste, og då tenkjer vi at ein kan bruke alternative løysingar som robotar, seier kommunalsjef Lene Bjørlo Overå.Ho presiserer at det berre er golvvask saka gjeld.

– Elles blir tenesta som før, seier Overå.

– Skal robotane flytte sofaen og løfte på teppe for dei eldre?

– Roboten går overalt der den kjem til.

Lovar like godt tilbod

Kommunalsjefen meiner at robotar vil gi eit like godt tilbod som i dag for eldre. Mange private brukar robotstøvsugarar, og det er prøvd ut i andre kommunar.

Overå meiner velferdsteknologi er framtida, og legg til at dei eldre vil få god opplæring.

Gjør som flere enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Førebels er det uklart kor mange robotar kommunen vil kjøpe inn om saka blir vedteke.

– Trur du på forståing?

– Ja, det er eg heilt sikker på.

Heilt nødvendig satsing

Giske kommune har starta eit team for kvardagsrehabilitering som jobbar tverrfagleg, noko som Overå meiner gjer at brukarane kan bu lenger heime.

– Vi veit at velferdsteknologi vil gi god effekt og auke kjensla av meistring.

– Kva med kontakt med folk?

– Ein trur at velferdsteknologi reduserer menneskeleg kontakt, men innanfor kvardagsrehabilitering brukar vi til dømes «Facetime» for å kommunisere. Ved bruk av iPad kan brukarane halde kontakt med familien sin og enkelte vil bli meir sosiale enn før.

Automatisk spyl- og tørktoalett

Overå legg til at Giske kommune er langt framme når det gjeld å tenke nytt og kunne nytte digitale og teknologiske løysingar.

– For å levere gode tenester i framtida vil teknologi vere heilt nødvendig å satse på, meiner ho.

Kommunen jobbar også med andre digitale løysingar innan helse. Til dømes kan det bli aktuelt med el-lås (elektronisk dør), automatisk spyl og tørk toalettsete, elektronisk medisindosett og GPS-sporing av demente som samtykker til dette, fortel Overå.

Kritisk

Følsvik i eldrerådet seier ho er heilt imot robotstøvsugarar for eldre. Det har noko med livskvaliteten til ein person å gjere, og Følsvik fryktar at det kan bli vanskelegare for eldre å bu heime lengst mogleg når ein skal kutte på denne måten.

– No blir det opp til politikarane å sjå at dette ikkje er eit framlegg ein bør gå inn for. Det blir vanskeleg å få til eit like godt tilbod som i dag med robotar, trur Følsvik.

Ho ser ikkje korleis robotane skal kome til overalt i huset, og kjem til å tilrå at eldrerådet stemmer ned bruk av robotar.

– Kutt av reinhald inneber innsparing på til saman eit årsverk i Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt, og Valderøy omsorgsdistrikt, på om lag 650.000 kroner.

Leiarane i omsorg ser det som fagleg forsvarleg å redusere tenesta praktisk bistand og opplæring med å ikkje tilby reinhald.

– Dette sett i lys av økonomiske tilhøve i kommunen, heiter det i vurderinga. Dagens brukarar betalar i dag for vask/støvsuging av opphaldsrom som stove, kjøkken, bad og gang, sengeskift, vaske av kle, henge opp kle og brette saman kle, og tømming av boss.

Kommunalsjef Overå gjentek at robotane berre skal erstatte golvvask.

Om administrasjonen i Giske får det som dei vil, kan robotstøvsugarar erstatte ei stilling innan reinhald og golvvask for eldre. ILLUSTRASJONSFOTO: KNUT ARNE AARSET