275 var påmeldt i forkant av årets X2 festival, men festivalsjef Erik Vaage, kunne fortelje at enda fleire var med i dei ulike konkurransane.

– Det er også ein god del folk som møter opp, men ikkje har registrert seg online. Så eg vil anslå at rundt 300 deltok, noko som er gode tal, seier han og legg til at dei er ekstra fornøgd med 70 deltakarar på XAir, som består av greinene speedflying, fallskjerm boogie og XBase.

– Flest deltakarar var det i XFree, som er ski-aktivitetar. Det er dette som er den største sporten, og her har vi mange på ventelister, seier Vaage som også kan fortelje at talla er svært jamne med fjorårets.

– Dette gjelder både deltakarar og besøkande på festivalområdet på kvelden. Det siste talet vi landa på av besøkande meiner eg var 3000.

Sjå også bildeserie frå laurdagen her.

God stemning

Under dei fire festivaldagane blei det konkurrert i totalt 15 kategoriar. Blant desse var det blant anna greinar innanfor sykling, ski, surfing og luftaktivitetar.  Men det har også vore aktivitetar for dei som ikkje er like ekstreme av seg.

– Vi har hatt enda fleire arrangement enn desse. Viss vi også teller toppturar, yoga og diverse endar vi opp med 70 arrangement. Med foredrag og konsertar og heile pakka har vi mykje ekstremt, men også element som bidrar til ein meir tradisjonell festival også, seier Vaage som meiner det har vore spennande dagar.

– Deltakarar kjem frå heile landet, og også frå utlandet. Det setter jo eit preg på bygda. Festivalen er jo veldig synleg i Volda sentrum, samtidig som det også skjer ting i Ulstein, Stranda, Ørsta og Volda. Folk merker godt at festivalen har vore under avvikling og at det er mykje unge menneske med energi.

– Gode rutinar

Med så mange arrangement har gode rutinar vore avgjerande for å få til ein vellykka festival.

– Det er veldig flinke grein-leiarar og flink administrasjon som gjer det veldig enkelt å gjennomføre. Utfordringa vi har møtt på var at vêret var litt umedgjerleg. Vi måtte flytte dei store konkurransane på fjellet frå fredag til laurdag, og då blir det press på utstyret. Det blir mykje utstyr med 12 konkurransar på ein dag. I år er 11 året vi arrangera, og for sju år sidan hadde vi ikkje klart å løyse dette, seier Vaage.

Resultatliste:

Multisport

1. Pernille Gardshol og Håvard Berteig

2. Leif Haaland og Bjørn Erik Løno

3. Ellinor Flobergseter og Tord Tronstad Lie

Paragliding

1. Dagfinn Graneng

2. Hallvard Seljebotn

3. Håkon Malmedal

XStyle Snøbrett herrer

1. Petter Kristensen Grøn

2. Torstein Mo Vatne

3. Marius Riise

XStyle Ski herrer

1. Marius Andersen

2. Såndræ Fjørtoft (Kommer ikke på utdelingen)

3. Nicolai Flo Vollan

XBoard

1. Jørund Bratset,

2. Ali Nas

3. Marius T. Jørgensen.

XWave - Vinner av både beste triks og beste bølge.

1 X 1. Blake Sands

XTind

1. Håvard Myklebust

2. Cato Ryste

3. Henrik Waagan Skarbø

XSkate Kvinne Bowl

1. Renathe Musum Stangvik

2. Lise Musum Stangvik

3. Marianne Stillerud

XSkate Herre Bowl

1. Steinove Standal

2. Jan Tore Myrhol

3. Jon-Artan Robertsen

XCreek Kvinne

1. Kamilla Sportsheim

2. Evelina Kallioniemi

3. Lucie Sedvia

XCreek Herre

1. Oddbjørn Flaa

2. Halvor Heggem

3. Armando Castro

XBase

1. Andreas Kaino

2. Kristian Solli

3. Cato Nordbakk

XFree Kvinner Snowboard

1. Eirin Myklebust

2. Synnøve Lofthus

3. Kjersti Foss

XFree Herre Snowboard

1. Ole Andre Skotte

2. Kristian Tiller

3. Vegard Bjørdal

XFree Kvinne Alpint

1. Mary Birkeland

2. Ida Gunleiksrud

3. Sole Diaz

XFree Herre Alpint

1. Ville Arset

2. Trygg Lindkjølen

3. Andreas Helle