Landsverk Sande har tidlegare tvilt seg fram til å bli tilhengar av kommunesmanslåing. No har ho tvilt seg fram til eit retningsval også. Ho stemmer for Stadt kommune.

- Går vi sørover tilhøyrer vi fastlandet, og når regionreforma er eit faktum, så vil ikkje grensa gå midt gjennom ein kommune, og vi vil høyre tett saman. I så fall er Vanylven-Selje-Vågsøy eit godt alternativ, seier ho til Fjordenes Tidende.

Alternativet for folk i Vanylven, i tillegg til å stå åleine, er ei samanslåing til Runde kommune, med Vanylven, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein.

- Også dette er eit godt alternativ, men aller helst ville eg hatt ein kystkommune frå Vågsøy til Hareid. Dette hadde blitt eit maritimt tyngdepunkt. Men både vi og ikkje minst Selje har blitt møtt med ei kald skulder lenger nord når vi har prøvd å invitere til ein slik kommune, seier Landsverk Sande til smp.no

Ho ventar stort oppslutnad og jamnt løp i folkeavstemminga måndag. Og ho trur ikkje på siger for sin favoritt.

- Å døme etter oppslutnaden om førehandsrøystinga så vert det god valdeltaking. Eg trur vi får fleirtal for kommunesmanslåing, og at det vert eit knapt fleirtal for Runde kommune. Og når saka til slutt skal avgjerast i kommunestyret vil eg stemme etter folkemeininga, seier Lena Landsverk Sande.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook