Statsadvokaten har tiltalt ein bonde i Nordfjord for brot på dyrevelferdslova § 37 første ledd - for grovt å ha unnlate å sikre at dyr får godt tilsyn og stell, inklusive at fôr, beite og vatn er av god kvalitet, dekkjer behovet dyret har for næring og væske og fremmar god helse og velferd.

Dyremishandlinga skal ha skjedd i perioden 1. januar 2013 til 14. april 2014: Ifølgje tiltalen var det i april 2014 berre 27 sauer att av dei 52 som var registrerte året før. 25 av dei 27 måtte vidare avlivast som følgje av at dei var i svært dårleg hald, og mellom desse var det to fjorårslam som måtte avlivast på staden.

Korkje aktor Merete Sundal ved Vest politidistrikt eller bonden sin advokat Elisabeth Elliot ønskjer å kommentere saka.

Statsadvokaten signaliserar at det kan bli aktuelt å legge ned påstand om forbod mot å eige, halde eller stelle storfe eller småfe.

Grov dyremishandling - brot på dyrevelferdslova 37 første ledd, staffast med fengsel i inntil tre år.

Saka skal opp for Fjordane tingrett 23. mai.