Det har vore ei jamn straum av både unge og gamle til Rådhuset i Skodje torsdag for å gi si stemme.
– Det er lågare oppmøte enn ved vanlege val. Men det som er positivt, er at det har vore mykje ungdom inne og stemt, seier funksjonær Gunnar Grindvik.
LIVE-STUDIO: Få siste nytt om valet
Innbyggjarane i Skodje får velje mellom to alternativ når dei i dag går til folkerøysting: Å bli ein del av Ålesund storkommune, eller Storfjorden kommune.
– Pest og kolera
To som har vore innom for å stemme er Randi Grindvik og Stella Engebretsen. Grindvik har stemt for Storfjord.
– Eg har stemt på Storfjord fordi eg er redd for å bli ein utkant av Ålesund. Og fordi Ålesund har så stor gjeld, seier ho.
Grindvik meiner valet står mellom pest og kolera - men når ho først må gå for eitt alternativ, meiner ho at folket i fjorden må stå saman.
Engebretsen er kritisk til heile prosessen.
– Eg trur det er mange som føler at det ikkje er eit demokratisk val når vi går til urnene i dag. Vi har ikkje vore inkludert i prosessen, seier Engebretsen.
– Og dette er jo berre ei rådgjevande røysting. Blir vi høyrt? Det står att å sjå, seier Randi Grindvik.
Stemte for framtida til Anna
Arne Lid Skodje og Beate Nørvåg stemte på si side på Ålesundskommune.
– Det er viktig å vere med å påverke. Vi tenker å bli verande her, og då gjeld det vår og ikkje minst Anna si framtid. Då er Ålesund mest framtidsretta, seier Arne med dottera Anna på fanget.
Paret jobbar i Ålesund.
– Eg bruker mykje av både kulturtilbod og butikkar der. Då vil eg og vere med å påverke kva som skjer i Ålesund.
Dei er ikkje redd for å drukne i storkommunen.
– Vi vil nok ha påverkningskraft. Hadde det berre vore Skodje hadde det vore ein ting, men saman kan småkommunane få ei sterk stemme i det nye kommunestyret, meiner Beate Nørvåg.
Ny vestlandshovudstad
Også Anton og Ellen Molnes stemte for Ålesund.
– Eg meiner vi må ha ein stor region, og byggje opp Ålesund som ein vestlandshovudstad igjen, seier Anton Molnes.
Dei trur mange i Skodje har negative erfaringar frå tidlegare reformer, og er redde for å forsvinne.
– Men no må me tenke framover, seier Ellen Molnes.
Torsdag er det folkerøystingar i 13 kommuner på Sunnmøre. Trykk på kommunane i kartet for å se kva alternativ dei stemmer over.
MEIR FRÅ SKODJE:
Ordføraren: Gir gjerne frå seg ordførarkjedet