Oppsummering Haram grovtelling:

Fleirtalet vil slå seg saman med Sandøy

Eit klart fleirtal går inn for at Haram slår seg saman med Sandøy under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygt.

Ordførar i Haram Vebjørn Krogsæther (Sp)  Foto: INGER OTTERLEI

Nyheter

– Eg er ikkje overraska over at 52 prosent vil slå seg saman med Sandøy, men hadde håpt på høgre valdeltaking enn 36, 8 prosent, seier ordførar Vebjørn Krogsæter.

I Haram svarte eit fleirtal på 1390 at dei vil slå seg saman med Sandøy. Dei deler synet til ordføraren i saka.

766 vil at Haram skal halde fram som eigen kommune. Det tilsvarar 29 prosent av stemmene.

Og 19 prosent, eller 511 vil slå seg saman med Regionkommune Ålesund.

Spent på fintellinga

– Når vi får fintelt vet vi mer om andrevalga, da kan det vere at desse tala styrkar seg, seier ordføraren.

Lepsøya og  Fjørtofa har omtrent 58 prosent oppslutnad. Mens Søvik/Grytastranda har 26 prosent.

– Er du overraska over det?

– Kanskje meir skuffa.

– Men lav valdeltaking gir politikarane større fridom?

– Det er opp til den einskilde korleis dei vil vektlegge det, seier Krogsæter.

– Ikkje overraskande resutat

– Resultatet var ikkje overraskande. Det har vore ganske tydeleg kva folk meiner. Eg har fått so mange henvendingar frå folk, så eg er ikkje overraske i det heile teke, seier medlem formannskapet, Randi Walderhaug Frisvold (KrF). Ho er blitt enda tryggare på standpunktet sitt no når resultatet er klart. Walderhaug Frisvold gjekk også  for samanslåing med Sandøy.

– Kva seier du til konklusjonane i Sandøy kommune?

Sandøy sitt resultat var god dag mann økseskaft. En professor har uttalt at jo flere alternativt, desto mer utydeleg vert svaret. Dette har vore ein lang prosess. Vi er ikkje ferdige enno.

Det er brukt mykje ressurser og mange har vore inne i bildet. Uansett har det vore positivt fordi det har skapt eit sterkare samarbeid mellom kommunane. Så lærar ein av kvarandre på mange område. I sum har det vore  ein positiv prosess sjølv om det er brukt mykje ressursar, seier Randi Walderhaug Frisvold.

Førehandsrøyster

– Overraskanda klart svar, seier ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) om førehandsrøystene.

Han er spent på om desse svara er representative for resten av røystene. Tala som her føreligg er frå ungdomsskulane, vidaregåande skule og institusjonane. Talet på førehandsrøyster er lågare enn ved kommunevalet.

Av 332 førehandsrøyster har 195 sett samanslåing med Sandøy som første prioritet.  92 har røysta for at Haram held fram som eigen kommune. 45 ville slå seg saman med inntil ni andre kommunar: Giske, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog, Ålesund i regionkommunen Ålesund.


Folket stemmer over kommunereformen:

Alt om folkeavstemmingene på Sunnmøre

Få oversikt over hva som har skjedd under torsdagens folkeavstemminger.