Kommunereforma

- Ta ballen, ikkje mannen

Frode Elias Synnes - kultursjef i Giske og gift med Ørskog-rådmann Synnøve Vasstrand Synnes, reagerer kraftig på tonen i fleire lesarinnlegg i Bygdebladet.

Frode Elias Synnes. ARKIVFOTO: SVEIN NORDAL 

Nyheter

- Eg forstår at dette med kommunereform engasjerer. Det skal det, men ikkje på denne måten, seier Synnes til Smp.no. Onsdag la han ut følgjande innlegg på den opne Facebook-profilen sin:

«Som mann til rådmannen OG FAR TIL 3 BARN må eg få seie at fleire innlegg i dagens Bygdeblad er LANGT OVER STREKEN! Det baserast på RYKTE på bygda, formidla via media, om at rådmannen m.fl. på eiga hand forhandlar med nabokommunar om samanslåing. Dette stemmer ikkje! (Sjølv om det er både tekst og bilde så er ikkje lokal- eller regionmedia Illustrert Vitenskap).
Skulle det stemme så er det sjølvsagt på sin plass med hard kritikk, men når ein personifiserer sakene og dreg enkeltpersonar (og såleis familien deira) inn i politiske diskusjonar, DET må ein halde seg for god til.
Diverre er dette typisk Ørskog. Eg har sjølv som 15-åring fått slengt "jævla rådmannssønn!" etter meg. Folkens, slik kan det ikkje vere!»

- Det har irritert meg ei stund dette, men dei nemnde lesarinnlegga, onsdag var dråpen, utdjupar han. Han ønskjer ikkje å namngje dei som har skrive dei, for:

- Då skyt eg jo meg sjølv i foten, seier han. Han medgir likevel at innlegga har det til felles at dei handlar om møte og samtalar mellom ulike personar i kommuneleinga i Ørskog og nabokommunane, alt knytt kommunereforma. Fungerande ordførar i Ørskog, Geir Peter Aure har tidlegare sagt at det har dreid seg om samtalar for å sjå om det er grunnlag for å gå videre, og understreka at det ikkje dreier seg om forhandlingar.


Kommunereformen:

Ørskog-ordføreren: – Vi skal snakke med Ålesund og Skodje

Fungerende ordfører Geir Peter Aure i Ørskog forsikrer at han skal stiller på møtet med Ålesund og Skodje torsdag.


- I Facebook-innlegget peikar du på at du sjølv har fått slengt «jævla rådmannssønn» etter deg. Du er son til tidlegare rådmann i Ørskog, Osvald Synnes?

- Det stemmer. Og den gongen var eg for ung og lite moden til at eg turde å ta det opp, og eg beit det i meg. No tør eg. Offentlege personar må tåle merksemd, men folk bør halde seg til sak. Mellom anna av omsyn til familiane til dei det gjeld, og spesielt då ungane.