73 prosent av dei som byrja i vidaregåande opplæring i 2010 hadde fullført i 2015. Dette er det høgste talet som er registrert av SSB sidan målinga byrja. Tidlegare har talet på landsplan vore på om lag 70 prosent.

Fjerde beste fylke

I Møre og Romsdal har 76,1 prosent fullført vidaregåande opplæring i 2015, det er ein oppgang på 2,8 prosentpoeng frå året før. Det gjer fylket vårt til det fjerde beste i landet. Berre Akershus, Sogn og Fjordane og Oslo var betre.

Best i landet innan yrkesfaga

Innanfor yrkesfag har Møre og Romsdal den beste gjennomføringa av samtlege fylke med 65 prosent. Det er 1 prosentpoeng bedre enn neste fylke som er Rogaland.

Læreplassar avgjerande

- Det er kjekt å sjå at vi er det beste fylket når det gjeld gjennomføring innafor yrkesfaga, seier konstituert fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad. -Samtidig er det no viktig at vi gjennom Aksjon Lærebedrift får enno fleire lærlingeplassar, sidan dette er viktig for å at fleire får fullføre opplæringa si, seier Opstad.

Stø kurs og langsiktig arbeid

Opstad er også fornøgd med ei auke på 2,8 prosentpoeng totalt. - Det er fleire grunnar til denne auka, men det viktigaste er stø kurs og at ein jobbar langsiktig. Dette gjeld heilt i frå den enkelte lærar, til skoleleiing, lærebedriftene og skoleeigar. Vi ser og at 2010-kullet hadde høge karaktersnitt då dei kom inn i vidaregåande opplæring, noko som gjev større sjanse for å lukkast, avsluttar Opstad.