Melseth er ein sentral person i laksefiskarmiljøet i Sykkylven, og er også leiar for Sunnmøre elveeigarlag. Han står i bresjen for eit unikt prosjekt som skal få tilbake laksen i Vikelva og Ramstaddalselva i Sykkylven. I den eine var det lakseparasitten gyrodactylus som tok knekken på laksen, i den andre var det ukjente årsaker.

– Eg har tru på at dette kan bli ein suksess. Vi brukte same oppskrifta på Aureelva, seier Jan Melseth, og siktar til at også Aureelva gjenoppstod som lakseelv, etter at lakseparasitten tok knekken på laksen på 80-talet.

Men det er ein stor skilnad. I Aureelva klarte ein å berge stamfisk. I Vikeelva og Romstaddalselva derimot har ein ikkje stadeigen fisk å gå ut frå. Løysinga er å ta stamfisk frå Aureelva, noko som gjer dette prosjektet spesielt.

– Vi valde å gi dispensasjon frå regelen om å bruke stadeigen stamme, sidan undersøkingar konkluderte med at bestandane i desse to elvene sannsynlegvis var utdøydd, seier fiskeforvaltar Leif Magnus Sættem ved Fylkesmannens miljøvernavdeling.

Miljøvernstyresmaktene har vore restriktive når det gjeld tradisjonelle kultivering gjennom yngelutsett i lakseelvar dei siste åra. Men dette er noko anna.

– Det handlar først og fremst om å reetablere naturen, og å gjenskape eit fullverdig økosymet der laksen er ein naturleg del. Så kan ein i andre omgang vurdere om det skal bli opna for fiske, seier Sættem.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 500.000 kroner, og dei to store lakseselskapa Marine Harvest og Salmar har bidrege med økonomisk hjelp. Ramstaddalen elvefiskarlag og grunneigarane i Vikelva stiller med dugnadsinnsats, og Veterinærinsituttet har det faglege ansvaret.

Tysdag var alle partane samla i Sykkylven for å diskutere prosjektet og sjå på elvane.

– Det blir spennande å sjå om vi klarer å gjenetablere bestandane. Og eg har trua på at vi skal lukkast det, seier forskar Espen Holthe i Veterinærinstituttet.

<strong>Synfaring:</strong> Deltakarane i prosjektet på synfaring i elveosen i Ramstaddalen. Foto: Svein Aam