Nytt offshore-fartøy døypt

Offshoreship døypt etter fleire månader med jobb

Første etter fleire månader på offshore-oppdrag blei «Bourbon Arctic» endeleg døypt på kaia på Mjølstadneset onsdag.
Nyheter

Vard Brattvaag sitt bygg nummer 802 blei levert frå verftet i februar.

Reiarlaget Bourbon Offshore Norway, med hovudkontor i Herøy, har kjøpt ankerhandteringsfartøyet som har fått namnet "Bourbon Arctic".

- Dette er eit ekte Vard-produkt, sa Fredrik Hessen då han ønskte dei frammøtte velkomne til dåpen.

Mykje jobb for maritim klyngje

Båten er designa av Vard. Skroget er bygd ved Vard sitt verft i Romania og båten er utrusta ved Vard i Brattvåg. Fleire Vard-selskap har også levert vitale deler til skipet.

Og Hessen trekte fram at bygginga har gitt mange arbeidsplassar i den maritime klyngja.

Fleire forsøk måtte til

Lundin Norway har leigd båten av Bourbon. Og Administrerande direktør Kristin Færøvik, fekk æra av å døype «Bourbon Arctic».

Men fleire forsøk måtte til før ho klarte å knuse flaska, mot skroget som er bygd for å kunne operere i arktiske farvatn.

- Flaska må ha vore isforsterka også. Og eg hadde fått streng beskjed om å berre sleppe flaska, og eg gjer jo som eg får beskjed om, smiler Færøyvik.

Skryter av båten

Ho fekk omvising i skipet og er godt nøgd.

- Eg synest skipet ser strålande ut, seier ho.

Kaptein Pål Måløy let også vel, etter å ha prøvd skipet på fleire oppdrag.

- Det er ein veldig bra båt, meiner Måløy som også trekkjer fram at båten er fleksibel og kan brukast på fleire oppdrag.

Måtte utsetje dåpen

I dagens marknad er det ikkje sjølvsagt å få jobbar, men «Bourbon Arctic» har hatt fullt opp sidan han blei levert frå verftet i februar. Dåpen blei difor utsett.

-Vanlegvis blir båtane våre døypt på verftet før dei fer ut på oppdrag, men det har skjedd fleire gonger før at dei reiser på oppdrag før dåp, så det er ikkje unormalt heller, seier Hege Akselvoll i kommunikasjonsavdelinga hos Vard.