Lyst på ein Terje spesial?

Terje Vadset, tidlegare ordførar i Skodje, skal starte med sal av thai-mat på Digerneset.

MAT: Terje Vadset skal starte med sal av thai-mat frå ei vogn på Digerneset. ARKIVFOTO 

Nyheter

– Eg skal ut på Moa og hente ei salsvogn eg har kjøpt. Ho skal plasserast ved Rema på Digerneset, og der skal eg selje thai-mat og litt «Terje spesial», seier Vadset til Bygdebladet. Han har nyleg etablert selskapet MT Food AS.

Vadset seier til avisa at han delvis skal lage maten sjølv, men han har også med seg ei profesjonell kokke frå Thailand, Matthanee, med 25 års kokkeerfaring frå Thailand og Malaysia.

I tillegg lovar han nokre Terje-spesialitetar. Vadset har ved fleire høve vist at han kan lage mat, mellom anna laga han middag til flyktningane i Skodje sist jul.

Han fortel at han har gått etablerarkurs, og satsar på oppstart i løpet av sommaren.