Fleire ungdommar bada i nærleiken av Slinningsbålet då det rasa i fjor. Nokon av dei berre meter frå der dei brennande pallane gjekk i vatnet. Dette er blant grunnane til at beredskapen i år er betre enn nokon gong.
- Vi har hatt møte med fleire aktørar som skal vere tilstade for å tryggje bålplassen. Beredskapen og sikkerheita kring bålet er betre enn nokon gong. Så lenge folk er fornuftige og held avstand vil denne flotte tradisjonen kunne halde fram, fortel fungerande seksjonsleiar i ordensavdelinga, Erik Steen Mikalsen.
- Kva gjer de om dykk ser folk i vatnet nær bålet?
- Då vil vi snarast mogleg få dei på trygg avstand. Vi oppmoder om at folk ikkje badar i nærleiken av bålet. Hald god avstand.
Politiet håpar også at folk vil bruke beina eller ta offentlig transport så trafikken ikkje hopar seg opp.
Les også: