Det er tilrådinga rådmann Ann Kristin Langeland i Hornindal har lagt fram for politikarane.

– Med bakgrunn i den uavklarte situasjonen knytt til regionreforma, samt gode erfaringar med samarbeid i Nordfjord, vel rådmann å innstille på at Hornindal kommune slår seg saman med Stryn frå 1. januar 2020, skriv rådmannen som likevel meiner Hornindal vil kome godt ut av det, uansett kva kommune ein vel.

Med Stryn har ein mange års erfaring. Ein ser også at Stryn er offensive i høve framtida, noko som kjem Hornindal til gode. Med Volda er mykje nytt, men også Volda er på tilbodssida.

– Samanslåing over fylkesgrensa vil vere eit modig og spenstig val. Ein vil utfordre eksisterande fylkesgrenser, noko som kan føre mykje spennande med seg, meiner ho.

I kommunereformarbeidet er vi oppmoda til å tenkje langsiktig, det har ein etter beste evne forsøkt å gjere. Frå rådmannen si side vil ein hevde at den uavklara situasjonen knytt til regionreforma set nokre skrankar i høve å sjå det heilskaplege biletet mange år fram i tid.