Laksedorgarane har hatt gode tider i sommar, sidan det er bra med laks, men dårleg forhold for oppgang i elvane.

- Det er lite vatn i elvane, men på fjorden er det eit voldsomt liv. Så dorgarane gjer det godt. Eg veit om dei som har fått 50 fiskar i år, seier Jan Melseth frå Sykkylven, som er leiar for Sunnmøre Elveeigarlag.

Vi snakkar om ein metode som er ny i Ørstafjorden, der ein kan fiske med fleire krokar om gongen. Det lignar på ein oter, men verte kalla paravan.

- Det har eg aldri høyrt om at nokon har gjort på fjorden, seier Jan Melseth.

- Er det lovleg?

- Det veit eg ikkje, men generelt er det veldig få reglar knytt til dorging på sjøen, seier Melseth.

Men Stein Magne Hoff, som eig den aktuelle båten, seier han berre fiskar med ein sluk.

- Eg brukar paravanen for å få sluken vekk frå båten, seier han.

- Får du noko fisk?

- Nei, ikkje i dag. No har han lukka kjeften. Men det har vore bra fiske på dorg før i år.