Hornindal-skilt fjerna like etter vedtak om samanslåing

Kommuneskiltet til Hornindal kommune har blitt fjerna berre dager etter vedtaket om samanslåing med Volda kommune.

Dette skiltet er fjerna.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Det er nettavisa til Fjordingen som skriv om hendinga. Skiltet, som har vorte fjerna, ligg ved fylkesveg 60 i Honndalslia.

– Skiltet vart borte berre nokre dagar etter at kommunestyret gjorde vedtak om samanslåing med Volda kommune. Kanskje har det alt vorte eit "samleobjekt", sier einingsleiar for utvikling i Hornindal kommune, Ståle Hatlelid, til avisa.

30. juni sa nemleg kommunestyret i Hornindal ja til Volda. Dei meinte kommunen er for liten til å vere sjølvstendig.