Sprekaste ordføraren på Sunnmøre..?

Vil nokon utfordre Arne Sandnes (69) om tittelen, kan det gjerast under mosjonsløpet Jordbærdilten i Valldal komande laurdag.

Sprek ordførar: Arne Sandnes var den nest eldste deltakarane i løpet Mefjellet Opp.  Foto: Atle Hole

Jordbærdilten: Arne Sandnes skal igjen delta i løp, nemleg i Jordbærdilten.  Foto: Atle Hole

Nyheter

Folk flest tenkjer på ordførarar som trauste karar og kvinner, som er glade i møteverksemd, store kakestykke, og svart, krutsterk kaffi.  Og som gjerne snakkar om temaet, men ikkje ser seg syn med å prioritere eigen fysisk aktivitet. Motstykke til denne folkemeininga finn ein i Norddal kommune, der Arne Sandnes er inne i sitt 15. år med kjede kring halsen.

- Trening gir overskot

Sist helg deltok han i motbakkeløpet Mefjellet Opp. Vart klassevinnar i 65-69 år, i løpet som er sju kilometer langt, har start i Fjørå og stig 1100 høgdemeter. Ingen park-tur akkurat, sjølv for dei veltrena. Norddals-ordføraren var nest eldste deltakar i løpet, og brukte 1.23.03 på turen.

- Hadde eg trena meir, noko eg faktisk burde, skulle eg fått ned denne tida vesentleg. For alle som skal yte, uansett plan, er god fysisk form viktig. Personleg gir det meg overskot, slår ordførar Sandnes fast.

Deltek lokalt

Arne Sandnes likar best springing og skisport. Men han reknar seg ikkje som idrettsmann. Heller ein talsmann for god folkehelse.

- Nei, eg er ikkje mellom dei som reiser rundt i distriktet på konkurransar. Men eg slengjer meg med her lokalt. Det kan vere i langrenn som Valldal IL arrangerer, i Mefjellet Opp, eller i Jordbærdilten.

Ordførar-utfordring

Komande laurdag festar Arne Sandnes startnummer på brystet for andre helg på rappen. Jordbærdilten får han alltid med seg, så sant han er heime. 3,2 kilometer i noko lunde flatt lende er noko alle kan greie. Det er til og med lov og gå.

- Om andre ordførarar vil vippe deg ned av trona som «sprekast på Sunnmøre», er vel Jordbærdilten rette staden å møte fram?

- He-he. Det må dei gjerne gjere. Vi tek vel i mot alle. Det plar vere god stemning under Jordbærdilten. Dessutan er det bra for folkehelsa. Og premien er den same anten du går eller joggar. Ei korg jordbær – Valldal-jordbær sjølvsagt!