Slåsskamp under Malakoff blir etterforska

Politiet etterforskar ein slåsskamp som vart filma under Malakoff Rockefestival i midten av juli.

Politiet etterforskar ein slåsskamp under Malakoff.  Foto: Malakoff

Nyheter

Ein video av hendinga har vorte delt på sosiale medier, og det er slik politiet har vorte merksame på slåsskampen, skriv Fjordenes Tidende.

No har politiet starta etterforsking, seier Eid-lensmann Tormod Hvattum til avisa. Dei har ikkje fått nokon anmelding, men er hendinga alvorleg nok, kan politiet sjølv anmelde saka.

– Eg har sett filmen og synast handlinga er alvorleg, men skadeomfanget er uklart. Det kan henda at det ikkje blir ein politisak, seier lensmannen.