- Krisa i offshoremarknaden har ramma oss som alle andre. No nyttar vi ledig kapasitet til å reparere gamle kraftturbinar. I tillegg produserer vi nye, mindre komponentar. Vi har produksjonsutstyr som passar for det, fortel dagleg leiar Inge Huse til Sunnmørsposten.

Ingen oppsagde så langt

Sjølv om det har vore nedgang i produksjonen av vinsjar har ikkje verksemda vore nøydd til å seie opp folk. I.P. Huse har ca. 150 tilsette.

– Men vi har redusert talet på innleigd arbeidskraft. Vi hadde mange fleire folk tidlegare. Dei innleigde er stort sett borte. Og vi brukar færre underleverandørar enn før, opplyser Huse.

Tre store reparasjonsjobbar

No har verksemda tre store reparasjonsjobbar innan kraftmarknaden. Ein i år, som dei stort sett er ferdige med, ein neste år, og ein året deretter. Det er snakk om ca. 50 år gamle turbinar eigd av vassdragsvesenet der I.P. Huse er underleverandør.

– Førebels er det ikkje så veldig store ordre, men eit godt supplement til å fylle ledig kapasitet. Vi har også seld ein del nytt utstyr som vi skal produsere til vasskraftverk.

Vi har nok arbeid i 2016

– Vi veit at vi har nok arbeid i år, men veit ikkje korleis situasjonen blir neste år og året etter det.

– Kva tenkjer du om situasjonen?

– Bedrifta er rundt 100 år. Det har vore nedgangstider før, og vil vere det etterpå.

– Kor hardt råka er I.P. Huse samanlikna med andre?

– Det er vanskeleg å samanlikne. Nokre offshorebedrifter har det veldig vanskeleg. Vi har komme oss igjennom slike periodar før. Det er ikkje noko nytt og spesielt. Men vi må kjempe oss igjennom.

Normalt med konjunktursvingningar

– Dette er ikkje den verste?

– Nei. Vi har drive med forskjellige ting og det har gått opp og ned. Vi eigde ein sildeoljefabrikk som var nedlagt, og laga også sildoljemaskinar der etterspørselen forsvann. Folk trur kanskje at ein opplever noko slikt første gongen. At det er gode tider og dårlege tider er heilt normalt.

Trur på betydeleg oppgang

Huse trur på betydeleg oppgang i løpet av 3–5 år.

– I dag produserer verda like mykje olje som den forbrukar. Når det samstundes er veldig få felt som vert bygt ut, vil oppgangen komme relativt snart, meiner Inge Huse.

– Dagleg leiar Inge Huse trur på betydeleg oppgang i marknaden. Arkivfoto: Johan Behrentz