Buss sperra for trafikken med bakhjula utanfor vegbana

Ein Fram-buss stod tvers over vegen i Ørsta.
Nyheter

Bussen stod på tvers i Indrehovde-vegen, like ved oppkøyrsla til Ivar Aasen-tunet.

– Ein tredel av bussen heng i lause lufta, rapporterte Smp.no sin journalist på staden.

– Vi har fått melding om at der er ein buss som har fått motorhavari og at bilberging skal vere på veg, seier Arild Reite, operasjonsleiar for politiet på Sunnmøre, til Smp.no 12.45.