Fleire båtar forsøkte å redde mannskap i sjøen

Redda to mann opp frå grov sjø

I eit heftig vêr forsøkte fleire båtar å redde mannskapet på den forliste «Frøy Viking». Mob-båten på Rostein-brønnbåten «Ro Fjell» viste seg å vere mest effektivt for å redde mannskapet på to opp av sjøen.

Redda to Her heng mobbåten på Rostein-båten «Ro Fjell», om det igjen skulle bli behov for den. FOTO: Rostein 

Nyheter

Då arbeids- og servicebåten «Frøy Viking» tok inn vatn og sokk i grov sjø laurdag kveld, og mannskapet på to vart liggjande i sjøen, var det fleire båtar i området som kom til.

Både hurtigbåt, lastebåt, ambulansebåt og ein annan servicebåt kom til.

Ved kai 20 minutt unna låg brønnbåten «Ro Fjell», som høyrer til reiarlaget Rostein på Harøya. Dei var rask med å sjøsette mobbåten. Slik kunne dei plukke mannskapet uskadd opp av sjøen.

I sjøen etter 10 minutt

– Det var sterk kuling til liten storm, sørvestleg. Det var ut i full fart, så fort det lét seg gjere i dei litt røffe forholda. Vi leitte og såg dei til slutt. Ambulansebåten låg rett ved, fortel skipper Dag Sundet Jensen på «Ro Fjell» til smp.no.

Nettsida Frøya.no var først med å skrive om hendinga. «Frøy Viking» forlét Hemne i Sør-Trøndelag klokka 16 på laurdag, og på Ramsøyfjorden blåste det opp frå vest-sør/vest. Klokka 19.30 byrja båten å ta inn vatn på styrbord side under dekk, og i løpet av minutt kom det inn vatn i styrehuset. 10 minutt seinare låg mannskapet i sjøen.

Under så røffe forhold viste det seg at ein solid, vassjetdriven mobbåt var det mest effektive for å redde mannskapet opp.

Saman med skipperen på «Ro Fjell» var Gøran Sporsem og Emil Abelsen mannskap om bord.

Investert i gode mobbåtar

– Vi har investert i mobbåtar med tanke på sikkerheita til mannskapet. Denne gongen var det andre si sikkerheit det gjaldt, seier Glen Bradley i brønnbåtreiarlaget Rostein.

– Dette var ikkje risikofritt, og vi er veldig stolte over avgjerda dei tok og over innsatsen. På sjøen er ein i eit fellesskap der ein hjelper kvarandre. Og det er ikkje første gong at ein båt frå Rostein har redda liv, seier Bradley.

Etter forliset er det oppretta ei granskingsgruppe, melder Kyst.no.