Mannen i 30-åra blei i Sunnmøre tingrett tidlegare i år dømd til ti år i fengsel.

No har Frostating lagmannsrett skjerpa straffa og dømt mannen til elleve år i fengsel.

Levde i valdsregime

Mannen er dømd for valdtekt av to kvinner, og lagmannsretten viser til at valdektene var særs grove.

Den eine kvinna var sambuar med mannen. Ho levde i det retten kallar eit valdsregime frå slutten av januar i fjor og eit par månader framover. Handlingane mot henne blei utført med brutalitet og utan omsyn, ifølgje retten. Og mishandlinga bar preg av tortur.

Mannen kom med skjellsord og truslar under mishandlinga, og begge kvinnene har forklart at dei opplevde dødsangst og var i ferd med å gi opp.

Retten meiner også at mannen sine handlingar inngår i eit brutalt, sadistisk og terroriserande handlingsmønster.

Må betale erstatning

I tillegg til fengsel er mannen dømd til å betale oppreisingserstatning til dei to kvinnene. Den eine får 250.000 kroner og den andre 300.000 kroner.

Til frådrag i straffa på elleve år går 569 dagar i varetekt.

Då dommen fall i tingretten sa aktor og statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim til smp.no at ho ikkje kjende til så strenge valdtektsdommar i Møre og Romsdal.