Frå 2009 til i år hadde Jernbaneverket rydda vegetasjon langs 2000 kilometer med jarnbane.

Planen er å rydde 1200 kilometer til. Deretter blir oppgåva å halde gjenveksten unna, skriv Jernbanemagasinet.

Mellom anna har mykje av den grøne tunnelen som toget køyrde gjennom på Raumabanen blitt fjerna, til stor glede for dei mange tusen som reiser med turisttoget om sommaren.

Når dei ryddar, så fjernar dei vegetasjon 12–15 meter på begge sider av sporet.

I tillegg til betre utsikta for turistane, så kan tre langs sporet også ramle over køyreleidningane ved storm. Fjernar ein tre reduserer ein dessutan dyrepåkøyrslene, og det blir betre sikt ved planovergangane.

På Raumabanen har fleire gode krefter gått saman om å finansiere ryddinga.