Skal harpunere laks

Ørstaelva og Eidselva er med i eit omfattande program for utfisking av rømt oppdrettslaks.

Rømt laks: Fiske av rømt laks i Ørstaelva i fjor haust. Arkivfoto. 

Nyheter

Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO) startar utfisking av rømt oppdrettslaks i 37 norske elvar.

– Arbeidet skal gjerast av profesjonelle fagmiljø, og det er utlyst konkurranse om oppdraget, skriv OURO i ei pressemelding.

Mellom elvane er Ørstaelva og Eidselva, som begge er nasjonale laksevassdrag. Også tidlegare år har det vore utfisking i dei to elvane, men for Ørstaelva sitt vedkomande har det skjedd i regi av elveeigarlaget og jeger og sportsfiskarforeininga. No skal utfiskinga gjerast av selskap som har spesialisert seg på denne typen fiske. Det betyr at dykkarar skal klarlegge omfanget, og deretter skal uønskt fisk i elva takast ut, vanlegvis med bruk av harpun.