Elevar i full slåstkamp

Eit basketaket mellom to elevar enda med at den eine tok kvelartak på den andre, slik at han kvitna i ansiktet og pusta tungt.

DØMD: Ein utanlandsk mann er dømd for vald mot ein medelev, etter ein slåstkamp i klasserommet i fjor. I sommar blei mannen varetektsfengsla for eit anna forhold. 107 dagar går til frådrag i straffa. 

Nyheter

– Eit slikt kvelartak er svært farleg, uttaler Fjordane tingrett og har dømt 20-åringen til 120 dagar fengsel for fleire forhold.

Begge elevane var på norskopplæring ved ein vidaregåande skule i Nordfjord då det oppstod full slåstkamp mellom dei. Dei to slo mot kvarandre med knytte nevar og fornærma braut også ein finger i basketaket.

Tiltalte er vidare dømd for å ha truga ein Nav-tilsett for å få utbetalt pengar. Blant anna skal han ha trekt inn terrororganisasjonen IS i trusselen. Elles er han dømd for skadeverk på eit hotell og ein kommunal bustad for nærare 50.000 kroner.

Dommen omfattar også bruk av hasj, tjuveri og oppbevaring av ein slåsthanske.