Etterforskar Jodel-mobbing

Fleire har kontakta politiet i Vanylven om mobbing på mobil-appen Jodel.

Jodel. ILLUSTRASJON  Foto: Stig Vågnes

Nyheter

Det fortel lensmann Tor Sæther til Fjordenes Tidende.

I følgje avisa skal det dreie seg om fleire saker om nettmobbing blant ungdomsskuleelevar i Vanylven.

- Nokre har skrive stygge ting til kvarandre og det var så gale at politiet blei kontakta, fortel lensmann Tor Sæther til fjt.no.

Han seier saka er alvorleg og legg til at politiet kan spore brukarar av mobil-appen sjølv om dei i utgangspunktet er anonyme.

Politiet kan få IP-adressa til mobiltelefonane fra Jodel så vi kan spore opp brukarane, i følgje lensmannen.